Startsida
Om BIL

Kontakt
Esefjorden Rundt
Medlemsinfo
Grupper
Historie
Styret
Anlegg

Belehalli
Stadion
Saurdal
Aktivitetar

Aktivitetsplan A-lag
Aktivitetar
Interaktivt

Lenker


  

Våre sponsorar


Esefjorden Rundt



Foto:Lars Jonas Rønnestad Pedersen

Esefjorden Rundt ein stor folkefest Foto: Lars Jonas R. Pedersen

ESEFJORDEN RUNDT 1. MAI 2019

Følg med på Facebook for dei snøggaste oppdateringane.

Programbladet / Løpsinvitasjonen 2019 finn du i menyen til høgre

Deltaking

I 2019 var det til saman 724 deltakarar. Av desse sprang 53 på tid og 82 tok turen rundt fjorden for første gong.

Resultatliste på tid 2019

Her finn du kven som sprang på tid og plassering 

Kor mange gonger har du delteke?

Her kan du sjå kor mange gonger du har delteke på Esefjorden Rundt.

Resultatlister alle år (1979 og utover)

Historia til verdas flottaste landevegsløp

Esefjorden Rundt er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen "Balahaugen" ca. 1 km frå sentrum.

Esefjorden Rundt vert i 2019 arrangert for 40. gong. Vi håper at denne gogen klarer vi å slå rekorden frå 2009 med til saman 903 registrerte deltakarar.

Esefjorden Rundt starta som eit skirenn den 1. mars i 1931 med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå Leikanger vann det første rennet på tida 43.38 minutt. I 1947 brukte Lars L. Ese 31.00 minutt rundt fjorden og sette såleis ny rekord. Denne rekorden vart aldri slegen. Lars L. Ese er mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Den gongen gjekk løypa etter bygdevegen rundt fjorden med start om lag på same staden som i dag. Målområdet var i Holmen der Holmatunet står no. Sigurd Kvikne sette opp ein flott sølvpokal som måtte vinnast 3 gonger. Den første pokalen gjekk i 11 år og vart til slutt vunnen av Ivar Høyvik i 1941. Siste gongen vi finn noko om skirennet "Esefjorden rundt" var i 1956.

Frå 1976 og utover vart det eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé som landevegsløp i 1980. Annie Bersagel, Tjalve IL, har rekorden for damer på 29.08 minutt (2008). Marius Vedvik, Gular IL, har rekorden for menn på 24.31 minutt (2014). Deltakarrekord i aktiv klasse var i 1986 då 276 sprang på tid.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 moh. Vegen rundt Esefjorden er også ein del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet Vi hevdar difor at vi har verdas flottaste landevegsløp. Dei siste åra har det vore aukande interesse for å vere med på landevegsløp som Esefjorden Rundt.

Ein folkefest

Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla seg til å vere ein stor folkefest med over 900 deltakarar. Over halvparten er under 16 år. Esefjorden Rundt har såleis vorte ei festførestilling i Balestrand kvar 1.mai, og på spøk er det sagt at dette må vere verdas lengste 1.mai-tog.

Vi legg vekt på å skape eit arrangement for alle – både når det gjeld innhald, fysisk form og alder. På turen rundt fjorden kan du som trimmar delta i spørjekonkurranse.

Arrangørstab

Kvart år stiller ein rutinert arrangørstab opp og gjer ein kjempejobb. For at eit såpass stort arrangementet skal framstå slik vi ynskjer, er vi heilt avhenginge av at mange gjer ein frivillig innsats.

Esefjorden Rundt 2020 

Vi ynskjer deg velkomen til Esefjorden Rundt fredag 1. mai 2020.

Helsing Esefjorden Rundt



efr2008.pdf

efr2013.pdf

efr2009.pdf

efr2017.pdf

efr2012.pdf

efr2016.pdf

efr2011.pdf

efr2018.pdf

efr2019.pdf

efr2010.pdf

efr2015.pdf

efr2014.pdf




Produsert av gang Interaktiv 2005 • 4647024 besøk, sidan 18. juli 2005