Esefjorden Rundt gruppa

Vårens vakraste gateløp

Leiar: Trond Sundby trondsu@gmail.com 

Medlem: Øyvind Grinde

Medlem Rune Haugen










Historia til verdas flottaste landevegsløp

Esefjorden Rundt er 8,5 km langt og går på asfalt utan særleg høgdeskilnad. For å komme til startplassen på Tjugum, tek ein skyssbåt frå Holmen (sentrum) over fjorden. Start ved Tjugum kyrkje nær Dragsvik og mål ved festplassen "Balahaugen" ca. 1 km frå sentrum. 

Esefjorden Rundt vert i 2021 arrangert for 41. gong. Rekorddeltaking var i 2009 med til saman 903 registrerte deltakarar.

Esefjorden Rundt starta som eit skirenn den 1. mars i 1931 med 14 deltakarar. Gustav Eggum frå Leikanger vann det første rennet på tida 43.38 minutt. I 1947 brukte Lars L. Ese 31.00 minutt rundt fjorden og sette såleis ny rekord. Denne rekorden vart aldri slegen. Lars L. Ese er mest kjend som skyttarkonge - heile 4 gonger. Den gongen gjekk løypa etter bygdevegen rundt fjorden med start om lag på same staden som i dag. Målområdet var i Holmen der Holmatunet står no. Sigurd Kvikne sette opp ein flott sølvpokal som måtte vinnast 3 gonger. Den første pokalen gjekk i 11 år og vart til slutt vunnen av Ivar Høyvik i 1941. Siste gongen vi finn noko om skirennet "Esefjorden rundt" var i 1956.

Frå 1976 og utover vart det eksperimentert med ymse start- og målstader før løpet fann sin noverande trasé som landevegsløp i 1980. Annie Bersagel, Tjalve IL, har rekorden for damer på 29.08 minutt (2008). Marius Vedvik, Gular IL, har rekorden for menn på 24.31 minutt (2014). Deltakarrekord i aktiv klasse var i 1986 då 276 sprang på tid.

Esefjorden er omkransa av vakre, men ville fjell. Tjugatoten 1098, Keipen 1399, Vindreken 1273 og Raudmelen 972 moh. Vegen rundt Esefjorden er også ein del av den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet Vi hevdar difor at vi har verdas flottaste landevegsløp. Dei siste åra har det vore aukande interesse for å vere med på landevegsløp som Esefjorden Rundt.

Ein folkefest

Esefjorden Rundt har gjennom åra utvikla seg til å vere ein stor folkefest med over 900 deltakarar. Over halvparten er under 16 år. Esefjorden Rundt har såleis vorte ei festførestilling i Balestrand kvar 1.mai, og på spøk er det sagt at dette må vere verdas lengste 1.mai-tog.

Vi legg vekt på å skape eit arrangement for alle – både når det gjeld innhald, fysisk form og alder. På turen rundt fjorden kan du som trimmar delta i spørjekonkurranse. 

Arrangørstab 

Kvart år stiller ein rutinert arrangørstab opp og gjer ein kjempejobb. For at eit såpass stort arrangementet skal framstå slik vi ynskjer, er vi heilt avhenginge av at mange gjer ein frivillig innsats. 

 

Helsing Esefjorden Rundt



Levert avIdrettenOnline