Medlemskontingent 2022


Desse satsane vart vedtekne på årsmøtet i mars 2022. 


Styret i BIL har gjort vedtak på at ein ikkje får spela kampar for BIL om ein ikkje har betalt medlemskontingent og treningsavgift.

Dersom ein er med på fleire idrettsgreiner, skal treningsavgift skal berre betalast for ein idrett (den dyraste). 


Medlemskontingent*

Enkeltmedlem: kr 300,- 

Skuleelevar/born: kr 300,- 

Famile: kr 600,-

*Om ein vel å betale med faktura, er beløpet inkludert gebyr. Vel ein å betale med kredittkort eller VIPPS, kjem gebyr i tillegg.  

Treningsavgift

Born under 10 år: kr. 0,-*

Born 10 - 14 år: kr 400,- **

Born 15 - 18 år: kr 700,-**

Over 18 år: kr 700,-***

* Barneidrettsskulen har organisert aktivitet for dei f.o.m. 1.klasse, medan dei som går i barnehagen ikkje har organisert opplegg, kun leik. Dei som er med på barneidrettsskulen slepp å betale treningsavgift, men må være medlemmar.

** Alle som deltek i aldersbestemt aktivitet med seriespel betalar eit tillegg på kr 500,- pr år grunna høgare kostnader til reise/dommarhonorar/forsikring/turneringskostnadar/lisensar/tekstil. Avgifta følgjer laget ein tilhøyrer - ikkje alder.

***Alle som deltek i senioraktivitet med seriespel betaler eit tillegg på kr 2000,- pr år grunna høgare kostnader til reiser/dommarhonorar/forsikring/turneringskostnadar/lisensar/tekstil. Dette vert fakturert pr. halvår. Total pris for å delta vert då kr 3000,- pr år, der kr 300,- er medlemskontingent og kr 2700,- er treningsavgift.


Foreldre/foresette som køyrer til kampar/turneringar, kan få 2,-/km dersom dei sender inn reiserekning, dei kan og få dekka ferjeutgifter dersom dei sender inn kvittering for ferja. Idrettslaget dekker kun ferjeutgifter som har autopass-rabatt. Dette kan sendast til post@balestrand-il.no.

 

Medlemskontigent og treningsavgift vert fakturert via Idretten Online og mottakar er Bloc AS, Haslevegen 15b, 0571 Oslo. Det er ikkje mogleg å betale direkte til klubben då dette ikkje vert registrert hos Idretten Online.