Medlemskontingent 2021


Desse satsane vart vedtekne på årsmøtet i mars 2021.

Styret i BIL har gjort vedtak om at ein fakturerer for treningsavgift for 2021, dette vart ikkje krevd inn i 2020, sjølv om ein frå hausten hadde treningar og kampar for dei under 20 år. 

Styret i BIL har gjort vedtak på at ein ikkje får spela kampar for BIL om ein ikkje har betalt medlemskontingent og treningsavgift.

Dersom ein er med på fleire idrettsgreiner, skal treningsavgift skal berre betalast for ein idrett (den dyraste). 


Medlemskontingent*

Enkeltmedlem: kr 300,- 

Skuleelevar/born: kr 300,- 

Famile: kr 600,-

*Om ein vel å betale med faktura, er beløpet inkludert gebyr. Vel ein å betale med kreditkort eller VIPPS, kjem gebyr i tillegg.  

Treningsavgift

Born 6-12 år: kr 400,-

Born 13-18 år: kr 700,-**

Vaksne: kr 700,-***

Barneidrettsskulen har organisert aktivitet for dei f.o.m. 1.klasse, medan dei som går i barnehagen ikkje har organisert opplegg, kun leik. Dei som er under skulealder slepp å betale treningsavgift, men må være medlemmar.

** Alle som deltek i aldersbestemt fotball/handball med seriespel betalar eit tillegg på kr 500,- pr år grunna høgare kostnader til reise/dommarhonorar/forsikring/turneringskostnadar/lisensar/tekstil.

***Alle som deltek i seniorfotball betaler eit tillegg på kr 2000,- pr år grunna høgare kostnader til reiser/dommarhonorar/forsikring/turneringskostnadar/lisensar/tekstil. Dette vert fakturert pr. halvår. Total pris for å delta vert då kr 3000,- pr år, der kr 300,- er medlemskontingent og kr 2700,- er treningsavgift.

Foreldre/foresette som køyrer til kampar/turneringar, kan få 2,-/km dersom dei sender inn reiserekning, dei kan og få dekka ferjeutgifter dersom dei sender inn kvittering for ferja. Idrettslaget dekker kun ferjeutgifter som har autopass-rabatt. Dette kan sendast til post@balestrand-il.no.

 

Medlemskontigent og treningsavgift vert fakturert via Idretten Online og mottakar er Bloc AS, Haslevegen 15b, 0571 Oslo. Det er ikkje mogleg å betale direkte til klubben då dette ikkje vert registrert hos Idretten Online. 

Levert av IdrettenOnline